Tre vegval for havpolitikken

Når verda retter auga mot Oslo denne veka, forventer vi konkrete og tydelege forpliktelser for havet frå den norske regjeringa.

Publisert 22. oktober 2019

en fiskestim i havet
For å redde havet frå dei komplekse truslene det står overfor, må vi endre måten vi bruker havet på. Vi må sette livet i havet og dei viktige leveområda som finnes der først, skriv Bård Vegar Solhjell.
profilbilde av Bård Vegar Solhjell
Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF Verdens naturfond

Kronikk av Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF Verdens naturfond

Denne veka samlast regjeringsmedlemmer, privat næringsliv og ikkje-statlege organisasjonar i Oslo for verdas største havkonferanse, Our Ocean. Her vil deltakarane kome med forpliktingar til kva dei vil gjere for å hjelpe havet, enten i form av pengar, marine verneområde eller andre tiltak.

Det at Noreg har tatt på seg vertskapet for konferansen, er eit signal om kor viktig havet er for landet vårt. Dei siste åra har havet fått større merksemd både internasjonalt og her heime, og den norske regjeringa har gjort sitt for å stadfeste Noreg som havnasjon. Erna Solberg har teke initiativ til eit høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi, og eit globalt fond for havet. Noreg er også leiande i kampen mot plast i havet, og har forplikta til saman 1,6 milliardar kroner til dette arbeidet dei neste åra.

Livsgrunnlaget står i fare

Også i Noregs kampanje for ein plass i FNs tryggingsråd får havet stor plass, og vår status som havnasjon vert ofte brukt for å overtale øystater og kystnasjoner til å støtte kandidaturet vårt. Dei samme landa står foran enorme utfordringer som følge av klimaendringer og trusler mot havet. For land som er avhengige av havet, står livsgrunnlaget i fare på grunn av klimagassutslipp som gjer havet varmare og surare, overfiske, plastforsøpling og ødelegging av leveområde. Alle desse truslane gjer at det fantastiske livet i havet, som har gitt mat og levebrød til folk i uminnelige tider, vert kraftig redusert. Dei siste 50 åra har nesten 40 prosent av livet i havet forsvunne på grunn av oss mennesker.

Det er på tide å ta desse utfordringene på alvor, og skalere opp innsatsen for havet så den er i tråd med dei truslene vi faktisk står overfor. Noregs vertskap for Our Ocean-konferansen er ein moglegheit til å sette ein standard for kva konferansen skal vere. Det er også eit godt høve for Noreg til å ta enno betre vare på havet.

Vi må sette livet i havet først

For å redde havet frå dei komplekse truslene det står overfor, må vi endre måten vi bruker havet på. Vi må sette livet i havet og dei viktige leveområda som finnes der først, og sørge for at ingen av dei mange måtene vi menneske vil bruke havet på legger for stort press på naturen. Ei heilskapleg forvaltning av havet er avgjerande for at vi skal kunne ha eit levande hav også i framtida.

Vern meir hav

Eit effektivt verktøy for å ta vare på livet i havet, er å verne område som er representative for viktige økosystem. I den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfold har verdas land - også Noreg - forplikta seg til å verne minst ti prosent av havet innan 2020. Men arbeidet går for sakte. I Noreg er foreløpig berre ein prosent av våre havområde verna. Vi treng ei skikkelig oppskalering av dette arbeidet, og vi må sørge for at det er dei mest verdifulle og sårbare områda som får vern.

Avgrens aktiviteten i iskantsona

Arktis er den staden på kloden der klimaendringane skjer raskast og naturen slit mest med å tilpasse seg. Fleire artar risikerer å bli utrydda, mellom anna grønlandskvalen, kvalross og isbjørn. Iskantsona er definert i Noregs system av marine forvaltingsplanar som eit særleg verdifullt og sårbart område, og utbyggjing av olje og gass her kan ha enorme konsekvensar for livet i Arktis. Difor må vi i mykje større grad avgrense aktivitet i den sårbare iskantsona, og stanse utlysing av nye petroleumsblokker. Noreg bør opprette store marine verneområde i norsk Arktis, som del av eit større nettverk av marine verneområde i heile Arktis.

Noreg må ta lederrolle for global plastavtale

Plastforsøpling er ein enorm trussel mot livet i havet. I dag er ingen land ansvarlege for plasten dei forureinar havet med, og det finnes ingen internasjonale krav til å redusere forsøplinga. For å få bukt med plastproblemet treng verda ei internasjonal avtale mot marin forsøpling, som sett globale mål om nullutslipp og gjer alle land rettsleg forplikta til å stanse utslipp av plast i havet.

Ideen om ei global avtale får stadig meir støtte frå verdssamfunnet, og Noreg har vore eitt av landa som har gått foran. Både Norden, stillehavslanda og dei karibiske landa har allereie gitt støtte til ei global avtale i regionale erklæringer. Men vegen framover er heilt avhengig av internasjonalt lederskap, og havnasjonen Noreg bør ta denne rolla. Noreg må sende eit tydeleg signal om at ei rettslig bindande global avtale er naudsynt, og Erna Solberg bør ta ei aktiv rolle i å mobilisere andre land for å få på plass ei slik avtale.

Å få på plass ei ny forpliktande internasjonal avtale vil vere ein enorm siger for internasjonalt miljøsamarbeid. Noreg har posisjonert seg godt, og har no ein unik moglegheit til å skape historie. Å få på plass ei slik avtale vil krevje ein stor felles utanrikspolitisk innsats, og både statsministeren og utanriksministeren må gjere dette til ei prioritert sak i det internasjonale arbeidet sitt.

Vi menneske er avhengige av havet for å overleve. For at vi skal kunne nyte av eit levande hav også i framtida, er tida for å handle no.

Syns du det er viktig å bevare livet i havet?

Så bra! Vil du hjelpe oss å redde livet i havet?

Ok, da er vi uenige.

Hvis du vil, kan du lese mer om hvorfor vi syns det er viktig å bevare livet i havet her.