Kronikk av Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF Verdens naturfond
Denne veka samlast regjeringsmedlemmer, privat næringsliv og ikkje-statlege organisasjonar i Oslo for verdas største havkonferanse, Our Ocean. Her vil deltakarane kome med forpliktingar til kva dei vil gjere for å hjelpe havet, enten i form av pengar, marine verneområde eller andre tiltak.
Det at Noreg har tatt på seg vertskapet for konferansen, er eit signal om kor viktig havet er for landet vårt. Dei siste åra har havet fått større merksemd både internasjonalt og her heime, og den norske regjeringa har gjort sitt for å stadfeste Noreg som havnasjon. Erna Solberg har teke initiativ til eit høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi, og eit globalt fond for havet. Noreg er også leiande i kampen mot plast i havet, og har forplikta til saman 1,6 milliardar kroner til dette arbeidet dei neste åra.